Sjøauren i Sima skal få fleire fødestover |
Tilbake | ||||
|
Sima er ei god fiskeelv. På ei kort strekkje har det vore talt opp i 600 sjøaurar på over halvkiloen. Dei nedste 1,2 kilometerane er derimot uproduktive. Her fungerer elva berre som ein transportetappe som fisken hastar forbi. No skal også denne delen verta både gyte- og opphaldsplass for fisk.
Fiskehus av spesialbestilte skiferheller frå Sollesnes, kulpar og hølar med gyte- og gøymestader, laga av stor stein, heller og kløyvde tømmerstokkar. Det er noko av det som skal gjera nedste del av elva Sima i Eidfjord produktiv att. Saman med tiltak på land, skal området stå fram som ei perle som kan gje publikum ei samla positiv oppleving. |
|||||