|
Politiet vil skjerpe kontrollane rundt oppdrettsanlegg. Årsaka er at turistar på Noregs-besøk tek seg til rette og fiskar både ved og i oppdrettsanlegg.
NRK
Tjuvfiskarane er ikkje så lette å få has på, men nokon er allereie tekne, fortel oppdrettar Hans Ola Aakvik.
Rundt dei fleste oppdrettsanlegg står det tett med sei som stel laksematen. Men det er ikkje berre villfisken som er på utsida av merdene som freistar tjuvfiskarane.
Aakvik har funne fleire fiskereiskapar som har hengt seg fast i nøtene, noko som tyder på at det også foregår eit omfattande fiske i merdene. Difor har han no valt å melde tjuvfisket til politiet.
Lensmannen i Tingvoll seier dei vil etterforske saka, og at dei vil prioritere saka.
Skulle nokon vere i tvil så er lovteksten klar. Det er ikkje lov å fiske nærare enn 100 meter frå eit oppdrettsanlegg.
For artikkel og reportasje
http://www3.nrk.no/distrikt/more_og_romsdal/nyheiter/1852667.html |