|
Turistane er ikkje glade for forslaget om begrensingar i kor mykje fisk dei får ta med seg heim.
Kristine Sele
|
|
|
|
|
|
|
- Eg kjem aldri meir til Noreg på ferie dersom eg må betale for å fiske i havet, seier Hans Wolker frå Freiburg i Tyskland. Han er på ferie på Bømlo og leiger rorbu med båt. Saman med Arno Wolker kjem han nett inn frå Innværfjorden med dagens fangst, berre fire paler. - Ikkje så bra i dag, men i går fekk vi mykje meir, smiler dei to, som ikkje smiler lenge når dei forstår at norske myndigheter kanskje vil innføre begrensingar. - Det er forslag om ei avgift eller at de berre kan ta med åtte kilo filet ut av landet. Kva tykkjer de om det? - Nei, då kan vi like godt kjøpe fisken heime. Det er nemleg ikkje så billeg å feriere her i Noreg, seier dei to og understrekar at dersom dei vil ha laks med attende til Tyskland, drar dei til ein av lakseoppdrettarane og kjøper. Dette er femte gong dei er her i landet på ferie, og er heilt sikre på at det vert den siste, dersom dette forslaget går gjennom.
For artikkel og bilde
http://www.haugesunds-avis.no/apps/pbcs.dll/artikkel?Avis=HA&Dato=20020522&Kategori=NYHET&Lopenr=213320940&Ref=AR |
|