Mindre torsk - men meir sei og hyse |
Tilbake | ||||
|
Bestanden av norsk arktisk torsk er framleis utanfor sikre biologiske grenser, og Den rådgjevande komité i Det internasjonale rådet for havforsking tilrår å redusere fangstkvotene til omtrent halvparten av nivået i 2001. Norsk arktisk ei og hyse har hatt ei positiv utvikling og det er tilrådd å auke fangsten i 2003.
Fiskepresset på norsk arktisk torsk har dei siste fire åra vore noko av det høgaste som er observert, og forskarane har tidlegare åtvara mot denne utviklinga. No ber dei nok ein gong forvaltninga om å redusere fisket til under føre var nivået. |
|||||