Mykje kvikksølv i aure frå Vidda

Tilbake

Auren i Skaupsjøen på Hardangervidda har så høgt innhald av kvikksølv at det ikkje er verdt å eta for mykje fisk frå dette vatnet. Årsaka er ørekyta, den vesle inntrengjaren frå aust.

Johs H. Sekse


I mange år har det vore drive intens kamp mot ørekyta for å hindra at ho kjem over vasskiljet og spreier seg vestover Hardangervidda. Grunnen har vore at denne fisken fortrengjer auren. No har forvaltinga fått endå ein grunn til å kjempa mot ørekyta. Ho er nemleg årsaka til at kvikksølvinnhaldet i auren vert mange gonger høgare enn elles.
Dette kjem fram i eit brev som professor Reidar Borgstrøm har sendt til fjellstyra. Opplysningane er konklusjon i eit prosjekt som vart gjennomført på Hardangervidda i fjor sommar.

For artikkel og bilode

http://www.hardanger-folkeblad.no/59/80/66/1.html