Elve-visning vart fast fisk

Tilbake

Laksesesongen er ikkje heilt over enno, minner Torgeir Aarvik om, med klar adresse til pessimistane! Måndag landa han ein pen laks i Fyrdselva, då han berre skulle syne fram elva til ein smågut.

Knut Arne Aarset

Skikkeleg blank og mellom dei penaste eg har landa nokon gong. Vekta stoppa på fem og ein halv kilo, og sprek var han også! Den vanlegvis ivrige laksefiskaren Torgeir Aarvik (66) i Austefjorden hadde så liten tru på årets elvefiske at han likegodt reiste til syden midt i sesongen. Før turen hadde han ikkje fått ein einaste fisk. Så vidt komen heim ville han syne Aleksander Berg (7), som han er stebestefar til, favorittelva si. Aarvik grov nokre makk og tok med seg stong, berre for å vise gutungen, som han seier.

les mer

http://www.smp.no/arkiv/artikkel.asp?id=40330&ka=2