Gylleutslepp i Nausta

Tilbake

Mellom tre og fem tusen liter gylle rann i middagstida i dag ut i elva Nausta. Uhellet skjedde då ein gylleslange sprang lekk. Frå punktet der koplinga rauk, rann gjødsla rett i eit røyr og i elva.

Kor alvorlege fylgjer utsleppet får veit ingen heilt sikkert. Men fisken er svært sårbar i år, grunna den låge vasstanden.
Jordbrukssjef Einar Eimhjellen i Naustdal seier det er oppdaga ein del død fiskeyngel som fylgje av utsleppet.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/2088143.html