Utvida fiske etter aure

Tilbake

FLORØ: I samband med rømming av regnbogeaure frå eit anlegg i Skorpefjorden, har Fylkesmannen opna for fritt fiske etter denne fisken.

Arve Solbakken/firdaposten

Måndag rømde 18.000 fisk i storleik på 3 kilo frå anlegget ved Litle Hestøya i Skorpefjorden. Det blir fritt fiske fram til 1. oktober. Ein kan fiske med kilenot, lakseverp, krokgarn og settegarn i tillegg til tradisjonelt sportsfiskeutstyr. Gøsta Hagenlund hos Fylkesmannen ønskjer at flest mogeleg nyttar høvet til skaffe seg god matfisk, samstundes som det er viktig å hindre at oppdret6tsfisken når opp i elvane før gytetida. Han ber om villaks og vanleg sjøaure vert sett ut att i fjorden og strekar under at fisket berre gjeld regnbogeaure. Fylkesmannen vil ha melding frå dei som får fangst for å følgje med i gjenfangsten.


http://www.firdaposten.no/62/69/30/5.html