Små fangstar, store prisar |
Tilbake | ||||
|
Bergens Tidende, Henning Hellebust: Sportsfiskarar frå Vestlandet betalar frå 26 til 474 kr per kg laks dei halar i land. Tysselva er billegast. Gloppenelva 18 gonger dyrare. Bergens Tidende har rekna ut om laksefiskarane på Vestlandet får valuta for pengane. Gjennomgangen av dei tolv største lakseelvene i Hordaland og Sogn og Fjordane syner ein forskjell på 448 kroner i kiloprisen. Enkelte stader, som Tysselva i Samnanger, og Daleelva i Høyanger, tek grunneigarane knapt betaling i forhold til kva som vert dradd på land. Andre stader, som i Gloppenelva, Åelva i Hyen og Etneelva, gir fisket gode ekstrainntekter for eigedomen. |
|||||