Den første laksen i Eidselva

Tilbake

Knut Langeland, Bergens Tidende: Klokka er 10.14 presis. Møresilda i enden av taumen har nett sleppt taket i botnen då ho heng i noko igjen. Atle Sunde bannar stilt. Ti minutt seinare har han landa sin første laks for året.

-Puh, prustar 51-åringen når Bergens Tidende møter han ved breidden av Eidselva ein time etter at laksen beit.
- Der kom reaksjonen. Ein blir litt utlada etter ei slik oppleving.
Eidaren er skjelven, men tydeleg stolt. Laksen han nett har fått opp, er truleg ein stad mellom ni og ti kilo og av den typen han sjølv karakteriserer som ein "god gamal Eida-laks", breid og fin.

Les originalartikkelen her

http://nytt.net/showarticle.asp?id=1773918