|
Pressemelding: GAVEPAKKE TIL OPPDRETTSNÆRINGA - VERNET AV VILLAKSEN SVEKKAST
Det som skulle vera ein redningsaksjon for villaksen vert nå ein gåvepakke for oppdrettsnæringa. Utgangspunktet for Rieber Mohn utvalget sitt arbeid var at alle involverte partar saman skulle yta sin sjerv for å styrkja dei norske villaksstammane. Resultatet kan nå bli at oppdrettsnæringa profitterar sterkt på heile prosessen. Dette i følge Regjeringas oppfølgingsmelding.
Her blir mange av dei gjeldane oppdrettsfrie soner i viktige fjordar tatt bort og ein får lite eller ingen restriksjonar tilbake. Dette høver vel inn i mønsteret til styresmaktene som nå står klare for å dela ut nye konsesjonar og auka det norske oppdrettet monaleg. Ein nyleg publisert rapport om trusselen oppdrettnæringa representerar for villaksen på vestlandet ser ikkje ut til å leggja nokon dempar på iveren etter utviding.
Villaksen representerer store verdiar for fiskerettseigerar, turist og servisenæring i Norge og ikkje mist er rekreasjonsverdien stor. Tal frå NASCO, den internasjonale organisasjonen for land med atlanterhavslaks, fast at for Norge sin del representerar den atlantiske laksen en verdi samfunnsøkonomien årleg tilsvarande heile 15 milliardar kroner. Til samanlikning var omsetningsverdien for oppdretta laks i Norge i 1999 12 milliardar kroner.
Det ser ut til at styresmaktene har gjordt eit bevisst val av oppdrettslaks framfor villaks. Norske Lakseelver vil på det sterkaste gå i mot rapporten slik den ligg føre.
For meir informasjon kontakt Norske Lakseelver Scweigaardsgate 34 c 0135 Oslo v/ daglig leder, Stian Stensland, tlf 92 85 84 95.
|