Førstemann uti med flugestong sidan 1996 |
Tilbake | ||||
|
Sogn Avis: LÆRDAL:Thomas Hjermann og fem gode kompisar vart dei første til å drive vanleg laksefiske i Lærdalselvi etter at gyroen la elvi aude. Dei seks leigde fiskeretten to kilometer oppover elva heile helga. – Heller laksefiske i Lærdal enn fotballtur til Manchester, seier dei glade laksane, som ikkje vil røpe kva guteturen kosta.
Nær tolv timar etter at laksefisket opna, er ein liten blodflekk på fiskevesten til Thomas Hjermann alt som vitnar om fangst. |
|||||