Treg start i elvefisket

Tilbake

Hardanger Folkeblad: Elvefisket i Eidfjord har vore dårleg så langt i sesongen.
-Men det har gått på ein del fisk siste tida, seier fiskarane.

Falck Olufsen har fiska i Eidfjord i 48 år, og meiner sesongen i år har opna dårleg. Han har ikkje vore borti laks, og berre fått fem sjøaurar. To av dei denne onsdagsmorgonen. Ein riktig fin ein på 3 kg (veil.).
-Men no går han på, seier han, og ser opp mot dei regntunge nutane over Hæreid.


Les originalartikkelen her

http://nytt.net/showarticle.asp?id=1881908