Eventyrleg i Bondalselva |
Tilbake | ||||
|
4,5 tonn fordelt på om lag 900 laksar er fiska opp av Bondalselva i Ørsta i år. - Eg har aldri opplevd maken, seier leiar Bjørn Urkegjerde i Sunnmøre elveeigarlag
- Folk meinte det var fantastisk då det midt på 1970-talet vart fiske 70-80 storlaksar. I år har det vore fiska over 400 storlaksar med ei gjennomsnittsvekt på rundt fem kilo. Det er mest ikkje tru å tru, seier Urkegjerde. Då elva vart stengt for fisk ved utgangen av juli har det vore drege på land 480 pjakk, fisk under tre kilo, og 434 storlaks. Fisket starta 15. juni. Samla fangst er på om lag 4500 kilo, noko som er to tonn meir enn i fjor. Den største fisken som er teken i år er på 12 kilo, men Urkegjerde (53) har observert fiskar på minst 15 kilo. Han slengde si første fluge i Bondalselva som seksåring og er ein av dei store veteranane i elva. I år har han drege på land 13 laks og 15 pjakk. |
|||||