Fiskegrense i Osen til retten

Tilbake

FLORA: Usemja mellom Osen Gard og grunneigarane lenger inne i dalen om kor nær elvemunningen i Osen-vassdraget grensa for sjøfiske skal gå, er no sendt til avgjersle i skjønsretten.

Grunneigarane ovanfor Osen Gard søkte i vår kommunen om å få flytta grensa for sjøfiske 100 meter nærare elveosen. Grunnen til at grunneigarar inne i bygda ville flytte grensa lenger inn, er at den gamle grensa var til hinder for å kunne ta del i det gode fisket etter torsk og anna marin fisk.
Denne fisken trekkjer mot elvemunningen for å beite på den utvandrande smolten, og det gir grunnlag for eit rikt fiskeri. I fredingstida for laksefiske blir det i tillegg lagt på 100 meter ekstra vernesone utafor den aktuelle grensa, der det er forbode å fiske. I praksis betyr det at nesten heile Osstrupen blir freda for fiske i periodar.

– Vi gjorde vedtak om flytting av grensa med heimel i lova om laks- og innlandsfisk og har følgt dei nye retningslinene frå Direktoratet frå Naturforvaltning. Men når eigar i Osen i dette tilfellet har klaga på vedtaket, så skal saka til skjønsretten og ikkje som vanleg til fylkesmannen si miljøvernavdeling, fortel sakshandsamar Magnus Frøyen i Flora kommune.

Eigaren av Osen Gard, Hans Terje Anonsen, har klaga på vedtaket fordi han meiner at det vert langt vanskelegare å halde kontroll med tjuvfiske etter laks som skal opp i elva. Eigaren meiner at fiskarane vil beskatte laksen og ikkje sjøfisken. På den andre sida vert det hevda at effekten er motsett, at det vil vere ei hjelp for laksestammen i Osen om den marine fisken som beitar på den utvandrande smolten blir beskatta. Påstand mot påstand i denne saka som sorenskrivaren skal ta stilling til i haust i skjønsretten.

Sakset fra Firdaposten, v/ Arve Solbakken