Oppdrett på land gjer nei-fjord til ja-fjord?

Tilbake

Hermansverk: Sognefjorden kan bli opna for oppdrett av laks, men neppe i sjøen. Svaret kan difor bli oppdrett etablert i landanlegg. – Det ligg interessante utsikter i å utprøva landbasert oppdrett langs Sognefjorden, seier 1. ammanuensis Peter Hovgaard ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Sognefjorden er i dag så godt som avstengd for sjøbasert lakseoppdrett. Truleg har oppdrettsnæringa gjeve opp vona om at den lange fjorden, med eit produksjonspotensiale på to milliardar kroner, blir opna for industriprodusert laks.
To gjennombrot
Då gjev svaret seg sjølv: landbasert oppdrett. Teknologien er etablert, konseptet har vore utprøvd og sterke krefter er i sving for å skapa gjennomslag for prinsippet.
– Det er særleg to tilhøve som på ny har gjort det interessant å tenkja landbasert, seier Peter Hovgaard.
Sidan sist den landbaserte løysinga var på dagsorden, har ein blitt i stand til å setja inn smolt fem-seks gonger årleg. I tillegg kjem at problemet med effektiv oksygentilførsel er rydda unna.
– Slik får me mykje betre utnytting av anlegget, men også 100 prosent pålitelege driftsforhold, seier Peter Hovgaard.

Eit svar på tiltak
– Er landbaserte anlegg næringa sitt svar på dei varsla vernetiltaka i fjordsystema?
– Ja, det er ein måte å møte tiltaka som er annonserte frå regjeringa si side. Sognefjorden er ein av fleire fjordar som kan bli reservert kun villaksen, seier Peter Hovgaard, og viser til dei to store trugsmåla mot villaksen, som lakselus og røming, men som er ikkje-eksisterande problemstillingar med lakseoppdrett på land.
– Kvifor er Sognefjorden så attraktiv for opprettsnæringa?

Attraktiv temperatur
– For oppdrettsnæringa er det varme vintervatnet svært attraktivt. Sognefjorden byr på store djupner kloss opp til land, det er såleis lett å koma til det stabilt varme fjordvatnet, som er ein stor komparativ fordel i produksjonen.
Oppdrettsnæringa og fylkeskommunen har fått gjort utrekningar som konkluderer med at Sognefjorden aleine er verdt to milliardar kroner berre på lakseoppdrett.
Dette er verdiar både private og offentlege aktørar siklar etter. Men det er neppe truleg at dei nokon gong vert realiserte i sjøbaserte anlegg innetter Sognefjorden, eller Nordfjorden for den saks skuld.

10-20 anlegg i Sogn
Dette er i ferd med å gå opp for forskarar og forvaltarar. Truleg går det endå ei tid innan ein i oppdrettsnæringa tek denne realiteten innover seg.
Peter Hovgaard meiner det ikkje burde vera noko i vegen for å sjå 10-20 landbaserte anlegg etablerte i Sogn dei neste åra.
Eitt anlegg krev minst tolv dekar, eller i overkant av to fotballbaner. Kapasiteten er 3000 tonn per anlegg, det innebær at kvart anlegg kan produsera for mellom 60 og 90 millionar kroner med ein laksepris i området 20 til 30 kroner per kilo.
– Men kravet til landareal kan bli ein kritisk faktor?
– Slike anlegg bør liggja nær sjøen, men ser ein seg om i Sogn er det mange slike stader, seier Peter Hovgaard, og reknar med minst 14 tilsette på eit landbasert oppdrettsanlegg.

Sakset fre Sogn Avis, v/ Terje Eggum