Akvariet i Bergen stadfestar verdsrekord |
Tilbake | ||||
|
Breiflabben som vart fanga i garn i Kinsarvik i vinter er den største i verda. Det stadfestar no Akvariet i Bergen, som også finansierer utstoppinga av det enorme fiskehovudet. Breiflabben til Sverre Jåstad og Svein Arne Hauge skal nemleg delta i ei heilt spesiell utstilling ved Akvariet, som opnar neste sommar.
Sverre Jåstad og Svein Arne Hauge frå Kinsarvik har verdsrekord i breiflabb. 67, 7 kilo stoppa vekta på då dei vog breiflabben dei tok på garn i Kinsarvik vinteren 2001. Då veginga fann stad, gjorde ein av tilskodarane, Joar Augestad, seg umaken ved å samle inn nokre underskrifter frå vitne som stadfesta vekta og at alt hadde gått riktig for seg. Augestad merka seg at dette var ein fisk heilt utanom det vanlege. |
|||||