Fanga julematen i Vatsvatnet!

Tilbake

Sjølv dei som rynkar på nasen når dei får servert fisk på middagstallerken, koste seg med sjølvfiska grilla aure, då friluft stod på timeplanen i nesten ei heil veke på Vats skule.

Dag I. Jøsang
www.grannar.no

Å flytte heile skulen utandørs og tilbringe fire dagar ute i friluft i midten av september, er kanskje å sjanse på vêret. Og meir flaks enn elevane ved Vats skule hadde sist veke er det vanskeleg å få. Kvar dag opplevde og lærte dei noko nytt og kvar dag fekk dei kose seg med sol og sommartemperaturar.


Lært mykje

— Det har vore kjekt, men me har også lært noko. I dag har me mellom anna lært å sløye fisk, fortel Line Nesheim Andersen og Helene Bådsvik.

Sjølv Helene, som i utgangspunktet ikkje likte anna fisk enn makrell, koste seg med grilla aure, sjølv om Line påstår at det var ho som måtte ta fisken av garnet.

— Helene var redd for å ta fisken av garnet, så det måtte eg gjere, seier ho med eit lite triumferande smil til venninna.

To av aurane blei godt krydra og hamna på grillen, ein blei kasta på Vatsvatnet for å vekse seg større, mens sjølve storfisken skal røykast og brukast i heimkunnskapen når det nærmar seg jul.



Fire grupper

Heile skulen i Vats hadde delt seg opp i fire grupper på tvers av alderstrinn og var ein dag ved Vatsvatnet, ein dag på Stråtveitgarden, ein dag på Eikelandsfjellet og ein dag på skuleplassen. Ved sida av fisking og grilling var det kanopadling og roing som stod på programmet ved strandkanten, før dagen blei avslutta med orientering i skogen.

På turen til Stråtveit stod gardshistorie, planter og tre i fokus, mens elevane på Eikelandsfjellet var innom uranbrotet i Torsgruva, såg på glimmerbrot og besøkte husmannsplassen i Årslia, der dei også laga spesielle matrettar som dei hadde førebudd heime.

I skulegarden var det førstehjelp og natursti som stod i fokus. Mellom anna lærte folk frå Vindafjord Røde Kors elevane å spjelke beinbrot og stanse blødingar, fortel undervisningsinspektør Jon Olav Velde.